Gamle Teigen gård

Teigen - 1917

Teigen - 1925

Teigen gård, G.nr. 28, br.nr. 3. Skyldsett 1830 med ei skyld av 3 mkl.

Det er sikkerleg gamal busetting her, om kjeldene er få. Ymse ting, i ser lokale namn, fører ganske visst tilbake til katolsk tid. Rett opp for garden låg før ein husmannsplass Teigåsen. I dagleg tale gjekk den under namnet Beåsen. Rett ned for denne låg ein annan plass – Korsmoen. Rett opp for Beåsen ligg ein haug som fær hadde namnet Behaugen. Tradisjonen sier at det her låg eit kapell. Gamle folk kalte haugen Kapellhaugen. Gurine Venås som var fødd og oppvakse på Teigen fortalte meg at der i hennar barneår (kring 1870) låg 2 store steinar ovafor Beåsen. Den eine hadde merke etter ei hand og den andre etter baken på ein person.

Da vegen frå Grenstad til Storsand vart utbedra for biltrafikk, kom der tilsyne rett ned for Beåsen grunnmuren etter ei temmeleg stor bygning. Rett neafor har Selbusjøen ei stor bukt – Austerlandet – lun for båttrafikk.

Historiske kjelder fortel at ein pillegrimsveg førte over Skardøra, Tydal, Selbu og Klæbu ned til Nidaros.

Alt dette tilsamanlagt gir oss såpass grunnlag at vi treng ikkje tvile på at der ved teigen var ein typisk rasteplass i katolsk tid. Den 3 mil lange sjøreisa på Selbusjøen og den sers tunge og vanskelege Ståggåvegen som venta dei, kunne nok vere grunn nok til å få ei avkobling på Teigen. Kan hende at det dunkle sagn om ein prest som budde på Grenstad, ikkje er så reint uhistorisk. Teigen var før 1830 plass under Grenstad, første gong nemnt i 1624. Plassen låg serleg godt til for trafikken frå og til Selbu over Ståggån og er nemnt som skyss-skifte alt i 1753 og var det heilt til 1874 da nyvegen til Brøttem vart åpna og skyss-skiftet flytta dit. Særleg var trafikken stor kring midten av 1800 talet. Da var der stor lagerplass for trematerialer og kvennsteinar frå Selbu og til og med landhandel der.

Husmennene skiftar ofte på 16- og 1700 talet.

Biørn heiter den eldste kjente husmannen her. Han er nemnt fleire gonger under tilnamnet Thegenn, Teyen, Tegenn, Thege i 1630- åra. Kan hende han er den same som Bjørn Vigen, husmann på Vigen i 1640-70 åra.

Anders Jonsen sel Teigen i 1848 til Ole Jonsen Storuglen som levde i kummerlige kår i ei stugu oppi Neset etterat han gjekk frå Storuglen.

Ole Olsen Teigen – son hans Ole – fekk kjøpekontrakt på garden i 1854 og skjøte i 1856. Frå da av kjem ei glanstid for Teigen. Ole Olsen – gammeltei’n – var ein driftig kar som dyrka mykje ny jord, bygde den stua som står på garden enda, likeens buret. Den merkelige jordkjelleren med mura kvelv, er framleis i bruk, er også hans verk. Han bygde den om 3 gonger før han vart tilfreds med den. Ole Olsen hadde lært både tømmermannshandverket og smearbeidet hos morbror sin, den mektige haugianeren Arnt Sollem på Stavne i Strinda, Foruten dette lærte han både å rekne og skrive av Solem.

Minner om Oles dugleik som smed er framleis å sjå på Teigen. Lås og hengsler på bursdåra og jordkjellaren er gjort av han. Sine første ungdomsår levde Ole hos besteforeldra på Solem. Etterpå tok han tjeneste hos gamal-lensmannen. Denne likte Ole sers godt. Da Ole kjøpte teigen, ordna lensmannen og Arnt Solem der så at han fekk lån i Norges Bank. Sjøl hadde han 15 daler. For desse kjøpte han litt utstyr og matvarer til å sette bu med. Smått tok han til og arbeidde seg opp til ein velstandsmann. Ei tid bygsla han Vika til underbruk. Ved Vikalandet var eit sers godt rørkast. Utbytte av dette fiske salta han ned til vintermat. Oppi Vikaberga vaks mykje rogn. Her sanka han rognelauv som var god vintermat for sau og geit. I 1858 fekk han seterrett og engsletter på Brungmarka. Han rydda setervoll ved Donnøya og bygde gode seterhus der. Ole fekk i sving skyss-skifte som tok seg godt opp i hans dager. Likeså fekk han gode inntekter av trelasten frå Selbu etterat Fr. Bierch fekk fast hand om den. Eit stort trelastskur vart bygd i 1859. Ole målte opp lassa og kona – Karen – skreiv ut sedlane. For dette arbeidet hadde dei 4 skilling lasset. Gjødsla etter alle hestane og oksane som var med i trelast- og kvennsteinskjøringa, vart omhyggleg samla opp og brukt på åkeren. Ole dreiv fram garden så han i 1875 hadde 2 hestar, 9 naut og 14 småfe på bås, sådde 2 tøn. konn og sette 6 tøn. poteter. Han hadde nest Brøttem den største buskapen av alle gardane i Sjøbygda.

Ole Olsen Teigen f. på Storugla 1825, d. 1878, g. 1853 med Karen Klausdtr. Brøttem, f. 1823, d. 1897 på nedre Forset hos dottra si.

Bonn:

1. Karen Marta, f. 1856, 2. Ane Kristine, f. 1859, 3. Ingeborg, f. 1861

Karen Marta Olsdtr. f. 1856, d. 1933 Tacoma, USA, g. 1874 med Bardo Olsen Haugan, f. 1848, d. 1919 i Tacoma, USA. Dei fekk skjøte på Teigen i 1888 for 2400 kr. + kår.

Bonn:

1. Ole f. 1877, busett i Amerika.

2. Beret Margrete f. 1880, busett i Calefornia.

3. Ingeborg, f. 1882. Reiste til Amerika og vart gift der med Einar Eliasen frå Rissa.

4. Anna, f. 1886. Reiste til Amerika og der g.m. Peder Eggesbo i Tacoma.

5. Olaf, f. 1888. Reiste til Canada og blei farmer. G.m. Oline Tormoset.

6. Karen, f. 1891. G.m. Arthur Ulness og busett i Indiana, USA.

7. Ruth, f. 1894. G.m. Heine Hjerager og busett i Calefornia.

8. Fredrik, f. 1896. G.m. Pauline Kårby og bur i Calefornia.

Dessutan 2 bonn som døydde som små.

Det vart tronge tider. Skyss-skiftet vart flytta til Brøttem, trafikken gjekk etter den nye vegen. I 1896 måtte Bardo og Marta selge Teigen. Dei flytta så til Bodin jordbruksskole som husfolk der. Seinare kjøpte dei garden Valvik nord for Bodø. Men da fleire av bonna drog til Amerika, selde dei Valvik og reiste til Amerika i 1910. Alle bonna er kome seg godt til i Amerika, og ei stor etterslekt er no spredt over store deler av Statene og Canada.

I 1907 er der skylddeling på Teigen. Da blir dei 2 bruka Åsheim og Solhaug skilt ut. Hovedbruket Teigen hadde da att 213 da., derav 18 da. dyrka jord.

Trondheim Elektrisitetsverk hadde alt i 1898 fått rett til senking av Selbusjøen. Dokumentet tinglest 1906. E.verket kjøpte så Teigen gard i 1920.

(Utdrag fra Klæbuboka Gards- og ættesoge)